«Folk jeg var glad i
har gått foran og kvistet løype
De var skogskarer og fjellvante.
Jeg finner nok frem.»

Kolbein Falkeid

    

FINDE KJØPTE GARDANE PÅ HJELLE

 

Førde-presten Peder Jørgenson Finde (1610-1691) kjøpte alle Skei-gardane i 1672, og slo dessutan under seg store eigedomar elles i bygda. Ei tid eigde han fjerdeparten av all jord i Førde, og han hadde dessutan jordeigedomar spreidd over heile Vestlandet frå Sunnhordland til Møre. I 1678 tok han over alt ”apostelgodset” i Sunnfjord. Då Finde-slekta var ute, vart Skei igjen delt ut i fleire gardar.
Hjelle var på denne tida ein del av Skei-gardane. 

 

Peder Erikson Hjelle var leilendinger på Hjelle hos presten Peder Finde

Sonen Truls Pederson Hjelle gifta seg med Barbro Jensdotter Hornnes og i 1681 blei Truls Pederson jordeigar på Hjelle, og garden var i hans familie sin eige i fleire generasjonar.

 

Ove Aasen, dagens eigar av Hjelle er 10. generasjon etterkommar av Truls Pederson og Barbara Hjelle

Her kan ein spore slekta tilbake i over 300 år til Hjelle.

 

 

 

- Om Hjelle

 

 

 

Namnet Hjelle tyder flate eller avsats i landskapet. Det er usikkert å datere gardar på bakgrunn av gardsnamn, men det er likevel verdt å nemne at namn som fortel om naturfenomen og -formasjonar, og som ikkje er satt saman av fleire ord, vert rekna som den eldste typen stadnamn i Norge.