«Folk jeg var glad i
har gått foran og kvistet løype
De var skogskarer og fjellvante.
Jeg finner nok frem.»

Kolbein Falkeid

    

Den første vegen forbi Hjelle gjekk stort sett langs elva og var bratt og tungvint, med mange

avlessingar p.g.a bratte bakkar.

Denne parsellen mellom Prestefossen bru og Ramstad bru blei avløst av ny veg som blei

byggd i perioden 1876 til 1884. 

Bilde 1

Viser rester av vegen før 1880 ved Gaddigrova.

Bilde 2

Viser brukaret og vegen inn på Hjellebrua (over til Kvamme)

som var i bruk fram til 1903 da den var tatt i flaum.

Bilde 3

Viser rester av samme vegen på Holtane.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 Den siste vegtraseen (dagens) blei bygd i 1982. 

Fra Grytebrua svinga vegen seg opp Hjellereina, langs kanten av reinebakkane og opp forbi,

nederste oppkjøringa på Hjelle (br.1), sandtaket og kom opp på flatene omtrent der vegen går idag, og fortsette rett inn over flata og gjennom tunet på Hjelle (br.2)

 

Vegen gjekk der over "Lisjebakken" og langs reinekanten inn på Høgkleiva*, videre under "Bøaløa" og svinga der til venstre og opp bakkane til "Holtane" 

 

*Høgkleiva: Murane på vegen her vart i si tid murt av min bestefar Martin Indrebø  som var vegvoktar på Angedalsvegen (ca.1930 - 1935).

                 

 

 

 

- Om Hjelle

 

 

 

Namnet Hjelle tyder flate eller avsats i landskapet. Det er usikkert å datere gardar på bakgrunn av gardsnamn, men det er likevel verdt å nemne at namn som fortel om naturfenomen og -formasjonar, og som ikkje er satt saman av fleire ord, vert rekna som den eldste typen stadnamn i Norge.